Korleis kontaktar eg «Bømlakortet»?
Du kan senda ein e-post til support@bomlakortet.no
Korleis aktiverer eg eit gåvekort?
Som utsalsstad skal ha fått ei brukarrettleiing på dette. Ta kontakt med oss pr. e-post om du ønskjer denne på ny.
Kan eg nytta gåvekortet når BankAxept-systemet er nede?
Nei, gåvekortssystemet er eit online-system og for å bruka det, må systemet sjekka saldo på kortet før det blir trekt pengar frå det.
Kan kunden ta ut kontantar på kortet?
Nei, kortet skal berre nyttast til å handla varer for.
Kan kunden nytta fleire gåvekort til same kjøp?
Ja, dersom kasseleverandøren har gjort denne tenesta mogleg.
Kjem saldo på kortet opp når kunden handlar?
Nei, sjekk saldo her på nettsida.
Kva skal eg gjera med kort som er brukt opp?
Dei skal kastast. Kortet kan berre aktiverast ein gong.
Må kunden signera på kvitteringa?
Nei, det er ikkje nødvendig.
Er det PIN-kode på kortet?
Nei, kortet har ikkje PIN-kode.
Terminalen viser «Avvist»
For låg saldo på kortet. Gjennomfør saldoførespurnad på kortet.
Sjekk om du har huska å trykka ”KLAR/OK”
Kortet kan vera utgått. Sjekk utløpsdato på baksida av kortet.
Terminalen viser «Lesefeil»
Be utsalsstadane om nytt kort.
Terminalen viser «Ugyldig kort / kort ukjent»
Butikken er ikkje meldt inn for bruk av gåvekortet hos Nets. Meld inn butikken via vårt skjema. Kunden kan ikkje bruka kortet hos deg før utsalsstaden er registrert.
Recent Comments